torsdag 5. januar 2012

1. og 3.plass i quilting til Midsund Montessoriskule

For våren 2011, utlyste NQF (Norsk Quilteforbund) barnekonkurranse for andre gong. Temaet denne gongen var "Ein dag på tivoli eller fornøyelsespark". Sidan klassen min deltok sist gong, visste eg litt meir om kva det heile gjekk ut på. No presenterte eg opplegget for 4. og 5. klasse ved Midsund Montessoriskule, for eg hadde dei i forming. Dei hadde så mange idéar, at det var berre å setje i gang. Ein tilsett var også med under prosessen;) Teppet blei kalla "MMS Tivoli", og nederst i dette blogginnlegget, er det link til omtale i Øyavis.


Pariserhjulet er utstyrt med lys, og batteriboksen er plassert ei lomme med elevane sine namn på.
Og ein person har akkurat komme ut frå spøkelseshuset.


Berg- og dalbanen er laga av makrame.


Her er det ei som har vunne i boda, og spøkelsehuset er visst skummelt for fleire.


Kjøp billettar. Velkomne til tivoli. Her er sukkerspinn m.m.

 

Jubelen stod i taket då det blei kjent at 1.plassen også denne gongen gjekk til Midsund!! Leiaren i NQF, Marit Sande Iversen (bakerst t.v.), kom på besøk og overrakte premien, -ei flott Pfaff symaskin. Og kvar elev fekk ei sybok av Kari Melsom og ein penn. Og så måtte vi sjølvsagt feire;)

Etter å ha tatt 1.plassen her i landet, blei dei norske deltakarteppa sendt til England og ei ny konkurranse saman med barneteppe frå andre land, under Festival of Quilts i Birmingham. Og der vann vårt teppe 3.premie! Så kjekt!! Her tek NQFs Marit Sande Iversen imot beviset for oss i Birmingham. Og teppet blir samtidig vist på storskjerm.

Og Marit kom på besøk ein gong til tidleg i september, og hadde då med teppet frå England. Barna hadde då ikkje sett det sidan det blei sendt inn til 1.frebruar. Det blei så sendt til Tromsø og landsmøtet i NQF i mars, og så vidare til England i august.
Her får elevane pakke det forsiktig ut igjen.


Og jammen var det like heilt og detaljane satt på. Då skal det få henge uti gangen på skulen saman med diplomen frå både inn- og utland;)
I Øyavis kan du lese meir om konkurransen og korleis teppet blei laga.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...