mandag 2. januar 2012

Smågåver


 Eg likar så godt å lage små ting og gi som julehelsing til mange. Ein del blir sendt saman med julekort, andre lagt inni julepakkar eller berre gitt direkte. Til denne jula blei det laga mange muffinsnåleputer av stoff, sandkakeformer og perler etter ide frå bloggen svunnen tid.
Dei på brettet over blei gitt til jentene på Midsund Montessoriskule, og gutane fekk sydde kremmarhus etter eige design.


 Kremmarhusa er sydd av ullfilt og pynta med band som eg kjøpte på eit årsmøte i NQF (Norsk Quilteforbund). På framsida sydde eg metallfigurar på for hand.


 "Muffinsane" kan brukast til nålpute, eller berre som pynt.


 Fann ut at det var mykje arbeid å pakke inn gåver til alle på skulen, så eg blei glad då eg fann passe store adventskalenderposar på Spar i Midsund. Før innhaldet blei lagt i, skreiv eg til og frå på posane.


 Så var det å halde tunga rett i munnen slik at innhaldet blei riktig til kvar. Fargar og motiv blei fordelt utifrå klassar, og søsken fekk ulikt for å sleppe å blande.


 Etter dobbeltsjekking blei posane stifta igjen.


Som rektor var det kjekt å kunne gi kvar enkelt gåva på julefesten. Dei fekk beskjed om å ikkje klype og ikkje opne før julaftan. Men seinare fekk eg eit bekymra spørsmål frå ein gut som lurte på kvifor hans pakke var mjukare enn nabojenta sin;) Håper at den lille gåva kan vere eit lite minne frå jula 2011.
Elevane stod for veldig fin underhaldning med song og dramatisering på julefesten. Her er nokre glimt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...