tirsdag 22. oktober 2013

"Slik har eg stått no i 100 år"

Gjennom arbeidet med naturprosjektet mitt, har eg kome veldig i eventyrmodus. Det kjem kanskje av at eg alltid har vore glad i eventyr, og har også brukt det ein del i undervisninga. Denne stakkars kjerringa var det siste eg laga til utstillinga og foredraget på Vestlandstreffet. Du har nok sett eller høyrt om henne før, og no skal du få stifte litt bekjentskap med mi krokete kjerring.


Kanskje du høyrer kor ho tryglar og ber om hjelp for å få nasen ut av stubben? Eg får i alle fall lyst til å hjelpe henne. Og så blir eg så fortvila og irritert på Per og Pål som berre flirer og gjer narr av henne i staden for å hjelpe!! Det er no mobbing på sitt verste!!


Den eine furuspiren etter den andre har vokse seg både store og krokete i løpet av dei hundre åra ho har blitt ståande der ute i skogen med nasen fast i stubben. Det skjedde då ho skulle kappe seg litt ved.


Ho har nok sett mang ein furublomst utvikle seg til kongler.
Furukvisten er ekte, og eg har sydd nålene og blomstrane.
Visste du forresten at dei purpurrøde er hoblomstrar, og at hanblomstrane er gule? 
Dei veks på same tre, og blir då kalla sambu. 
Og det er frå hanblomstrane den gule pollenen kjem med vinden om våren...,og bestøvar hoblomstrane.


Den arme kroken kjem frå eventyret "Gjete kongens harer" av Asbjørnsen og Moe. 
Ho er med i Ivo Caprino sin dukkefilm om Reveenka også, men det er hans versjon. 
Ho er ikkje med i det opprinnelige eventyret.


Det er vel ingen som kan forestille seg korleis det er å stå slik i så mange år!
Men ho var i alle fall uthaldanda. Og så kom gode, snille Espen Askeladd og redda henne;) 
Han snakka fint til henne, viste omsorg, og delte nista si med henne sjølv om han ikkje hadde så mykje. Og han fekk ei magisk pipe som takk, og kapra så prinsessa. Det gode seira:)


Av naturting på dette biletet har eg brukt kvistar, furukongler, furunåler, ein liten stubbe, lav og lønnefrø. Eit par av villendene frå biletet av eventyret om "Dei tolv villendene", lurer frykteleg på kvifor denne stakkars kjerringa berre står der og dreg i nasen sin.


Og slik stod ho gjennom alle årstider,


og både natt og dag i hundre år, -heilt til Espen Askeladd redda henne frå elendigheita.
Forhåpentlegvis så lever dei lykkelege den dag i dag.

søndag 20. oktober 2013

Blåbærmuffins og lue for MFK


Aller først vil eg rette ein STOR takk til alle som har lagt igjen så fine og gode kommentarer på tidlegare innlegg!! Det gleder meg stort.
Og så må eg beklage at eg i ein periode har hatt lita tid til sjølv å kommentere med andre. Men no er eg på veg til å bli flinkare igjen;) -For eg er nemleg veldig glad i å vandre rundt på besøk frå den eine bloggen til den andre. Det er så mykje fint, koseleg og inspirerande å finne.


I dag er mitt bidrag av det spiselege slaget. Haustens siste hageblåbær er plukka, og i kjøleskåpet var det ferdig ostekrem. Då passa det godt å lage nokre raske blåbærmuffins for å feire dagens MFK-seier.


Eg fann denne oppskrifta på oppskrift.klikk.no, og dei var veldig enkle å lage.


BLÅBÆRMUFFINS
2 stk egg
1,5 dl sukker
75 g smeltet smør
0,5 dl melk
3 dl hvetemel
1 ts bakepulver
2 dl blåbær
(20 stk) Sett ovnen på 225 grader C. Visp egg og sukker til eggedosis. Tilsett det smeltede smøret, mel og bakepulver vekselvis med melken. Ha i blåbærene. Ha røren i muffinsformer og stek midt i ovnen i 12-15 minutter. Serveres varme eller lune med litt blåbærsyltetøy og pisket krem eller is til.

Eg brukte store muffinsformer, og då blei det åtte kaker. Eg skrudde også temperaturen ned til 200 grader då eg sette brettet inn i omnen. Og sjølvsagt kan kakene fyllast med andre ting enn blåbær.


Eg brukte ein rest av denne ostekremen på toppen då kakene var nesten avkjølte:
100 gr Philadelfia-ost, 60 gr smør, 4 dl melis og 2 ts vaniljesukker piskes lett og luftig.
Både seieren og kakene smakte godt;)


Birgitte har laga eit nytt strikkemønster, og no er det til ære for Molde fotballklubb, som går for gull i Cupfinalen 24. november. HER er link til mønsteret. Tips gjerne vidare om du veit nokon som vil strikke til seg sjølv, eller som ei varm og god gåve til andre.

No håper eg også at dagens TV-aksjonen til inntekt for Folkehelsa og demensforskning, blir vellykka, og at gåta snart blir løyst;) 



onsdag 16. oktober 2013

Dei tolv villendene



Prinsessa frå eventyret om "Dei tolv villendene" er ute og nyt haustfargane.


Det var myrulla som inspirerte meg til å sy dette eventyret.


Ein bukett fin myrull blei med meg heim.


Bakgrunnen er laga av ulike materiale i tillegg til mange ting frå naturen, som f.eks. blad, kvistar lav, bregne og blåbærlyng. Alt er festa ved hjelp av frihandsquilting.




Myrulla er sydd fast. 


Bianca har sjenka litt av sin flotte pels til prinsessehår.


Ho er stolt av å få vere med på fotoseansen.


Dronninga ofra dei tolv sønene sine for å få ei jente. Prinsessa dro ut for å prøve å frelse dei tolv brødrene sine, som hadde blitt til villender. Her er endene laga av frø frå lønn.
Ho fekk vite at om dei skulle bli frelste, måtte ho plukke myrull, karde, spinne og veve den til stoff. Av det skulle ho klippe og sy tolv skjorter, luer og klutar. Mykje dramatikk vart det, men heldigvis gjekk det bra til slutt og ho fekk brødrene sine tilbake;) Men ho rakk berre å lage ei arm på den eine skjorta, så den yngste broren hadde ein venge som arm.


Prinsessa tok seg ein tur ut for å nyte véret før ho skulle til Molde på utstilling.
Og har ikkje nokon høyrt frå henne, så står ho der kanskje endå


mandag 14. oktober 2013

"Eg fann, eg fann"

Vestlandstreffet i Molde er over, og vi har fått mange gode tilbakemeldingar. Saman med mange quilteglade damer frå heile landet hadde vi ei kjekk og innhaldsrik helg. Sidan eg både skulle ha utstilling og halde fordrag om naturprosjektet mitt, har eg venta med å legge ut dei siste produkta mine på bloggen, for eg ville det skulle vere ein del nytt også for dei som hadde sett og høyrt ein del frå før. Først ut no er dette fotsporet.


Det er mykje å finne når ein går på den endelause landeveg. 
Det har blant andre Espen Askeladd oppdaga. 
Eg blir ofte kalla Askeladden, fordi eg ser nytte i det meste
eg finn ute på tur og tek det med. 
Og det tek eg som eit komplement;) I foredraget fortel eg også kvifor eg har sansen for Askeladden.


Og slik som Askeladden og "jeg fant, jeg fant", fann eg også ein utgått skosåle. Askeladden greidde å vinne "Prinsassa som ingen kunne målbinde", medan eg blei sendt rett ut i eventyrverden i naturprosjektet mitt. 


Eg har brukt sjølve skosålen i dette sporet her, sjølv om Skjæråsen seier at "Du skal itte trø i graset". Skosålen er sydd fast som hæl, og på den fremste delen har eg sydd crazy quilt oppå tjukk filt, og så festa den til bakgrunnen med tungesting. Orda rundt er sydd på frihand. 
Men skosålen har også inspirert meg i foredraget, og til å sy fleire eventyrting med naturmateriale i. Dei skal eg vise seinare.


Når vi går på tur, kan vi synge og tralle, gå i alle retningar, drøyme om den store kjærleiken, eller føle at vi går i ein labyrint eller heilt rundt oss sjølve. 
Vi kan få både rusk, småstein og hol i skoa. Vi kan også tråkke på både gras og maur, men blomster og marihøne prøver vi å verne. Eg trur det er noko med instinktet.


Når eg er ute på tur svingar tankane mine mellom håp, draumar, omsorg, sorg,


glede, tru, ønskjer, lykke og fred. 
Eg bearbeider vanskelege ting, gleder meg over kjekke ting og vår vakre natur, planlegg framtidig arbeid, og enkelte tankar blir klarare.  Men ikkje minst så blomstrar kreativiteten når eg oppdagar skattar;)


I kløverenga kan det også vere lykke å finne, men det er vel best å vandre vidare:)





mandag 7. oktober 2013

Ugler og andre fugler


Birgitte har laga mønster til det bedårande ugleparet Mons & Molly. 
Løp og kjøp mønster og les meir om vottane HER.


Her har eg laga eit velkommen-skilt på rekved.


Smil! Det smitter;)

torsdag 3. oktober 2013

Wish it, dream it, do it


Wish it,


dream it,


do it!


Det er viktig å lytte til eigne ønskjer og draumar, og gjere noko med det!!


Det er så lett å berre la det bli med tanken. Men den som står i ro, kjem seg ikkje vidare.
Vi må våge. Ukjente ting veit vi ikkje korleis er før vi har prøvd, og gitt det en sjangse.


Dei fleste angrar ikkje på det dei har gjort, men på det dei ikkje gjorde. Ein tankevekkjar!
Ei einsleg rekvedfjøl med nokre få ord kan faktisk få oss til å tenkje.
Wish it, dream it, and DO IT!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...