tirsdag 30. september 2014

Som man roper i skogen


Det er lenge sidan eg har sydd med ting frå naturen no, 
men på søndagstur i haustvéret, kom inspirasjonen igjen.


Eg plukka med meg bregneblad 


samtidig som uttrykket om å rope i skogen surra rundt i toppen.


Personen i nedkant skal egentleg vere skuggen til den som ropar.


Det var kjekt å leike seg med naturting, frihandsquilting og ulike stoff og effektar igjen.


lørdag 27. september 2014

Ballbingeopning del 2


Her kjem litt meir om opninga av ballbingen ved skulen, som eg skreiv om i forrige innlegg. 
Elevrådsleiaren har fått det ærefulle oppdraget å bære puta og saksa. No er alt klart, og vi skal feste fotballsnora i inngangen til ballbingen.


Alt er klart, og representant frå firmaet Langset, som ga 100.000 kr i gåve til skulen, slik at ballbingen kunne bli ein realitet, har saksa klar til snorklippinga.


Husorkesteret sørga som vanleg for fin musikk og god stemning.


Mange fekk ei velfortent rose for innsatsen undervegs i prosessen.



Etter snorklippinga var det polonese inni bingen.


Det var tale og fotballar i gåve frå Molde kommune. 
Rektor tok i mot og takka også for god hjelp med søknad om tippemidlar.


Og ein av nyballane blei teken i bruk i kamp mellom elevar og tilsette. 


Publikum heiar.


Etter fleire runder med straffespark, stakk dei tilsette av med seieren. 
Elevane ville ha omkamp allereie i neste friminutt.


I regnværet smakte det med pølser for både vinnarar, taparar og publikum.


I gårsdagens utgåve av Romsdals Budstikke, var det ein fin artikkel om opninga av ballbingen på Tøndergård. HER kan du sjå nettutgåva med bildegalleri. 
Og så heiar vi på MFK som skal spele kamp i dag i eit frykteleg vér!


onsdag 24. september 2014

Snor til opning av ballbinge


I dag var det opning av den nye ballbingen på Tøndergård skole og ressursenter i Molde, 
og eg fekk i oppdrag å ordne med band til klippinga. 
Då er det artig å kunne legge litt sjel i det.


I Moldeland går det i kvitt og blått for tida. Eg fann fram eit fotballstoff eg hadde heime, og strauk vlisofix bak fotballane. Ballane blei lagt oppå snora og stofflappar blei lagt under. Så strauk eg dei saman og klipte rundt etterpå..


Det er godt å ha god plass. Måtte ta siste finish på skulen i dag tidleg, 
for eg gløyme å ta mål av snorlengda i går.



Ei Moldedrakt blei trekt utanpå ei pute, og gullsaksa eg laga til opninga av nybygget i fjor, 
fekk ein blå-kvit dusk. Så var alt klart til høgtidsstunda.


Her er det klart til snorklipping.


Og her heng eine snordelen etter at ballbingen er erklært open.


Bingen har ført til omvendt integrering i nærområdet, og den er flittig brukt av ungdommar i nabolaget. Reglane gjeld alle brukarar.


Rektor delte ut velfortjente roser, og det dryssa regn over alle under seremonien.


Ballbingen er lett og fin, og fungerer veldig bra.



Inngangen er ordna slik at også rullestolbrukarar kjem deg inn.


Datoen er sydd inn og ballen er pryda av gull. 
Etter at MFK slo Stabæk i dag, går det både mot cupfinale og seriegull for Molde. 
Det gjer nok også sitt til at ballbingen på skulen blir flittig brukt framover;)









lørdag 20. september 2014

Redesign av jakke


Eg hadde ei tynn jakke som var litt lang og litt trang, 
og derfor lite brukt.


Først klipte eg av ein del i nederkant.


Så brukte eg litt av det stoffet som innfelling i sidene.


Jakka var tung og kjedeleg, så eg prøvde meg fram med raude detaljar. 
Innsida av ermane fekk ein bit fløyelsband. 


 Så ville eg bytte ut knappane.


Men det blei for voldsomt, så eg bytta berre ut annakvar knapp.
Ermane ligg bretta inn på jakka, men det er ikkje så lett å sjå sidan stoffet er så mønstra.


Ryggen fekk også påsydd litt fløyelsband, 
og eg blei veldig fornøgd med midtpunktet;)


Og vips så hadde eg "ny" jakke, som allereie er like mykje brukt no, 
som den har vore i 5 år før.


Det er ikkje alltid så mykje som skal til.

fredag 12. september 2014

Bursdagsbilde


Unike damer fortjener spesielle ting. 
Tanken var å lage eit kort, men eg enda opp med et lite bilde.


Idéen starta egentleg med at eg kom på teksta;
"Denne blomsten er plukket til DEG"


Naturmateriale og fuglar har blitt mitt design den siste tida.


Og frihandsquilting er min stil;)


Fotomodellen stiller gjerne opp.
Spesielt om det er ein godbit i vente;)


Signatur er viktig, og denne gongen blei det på kanten.


Fordi det egentleg skulle vere eit kort, så limte eg ein bit kartong og ein konvolutt på baksida. 
Det kan vere lurt å ha ei skjult pengelomme for seinare bruk også;)


Jubilanten lurer på om det skal få henge under klokka på kjøkkenet. 
Håper det kan bringe koselege øyeblikk, for 
"denne blomsten er plukket til DEG"



søndag 7. september 2014

Premiar både hit og dit


Norsk Quilteforbund ønskjer småting som premiar på lotteri dei skal ha på Norsk Quiltefestival på Gardermoen og Jule-Expo på Lillestrøm. Molde Quiltelag skal sende nokre ting, og eg tok med ei frisk nålepute. Det kan vere nyttig for dei som ikkje quiltar også;)


Ja, berre stikk den;)


Denne toalettveska blir også med. 
Den er stødig og er sydd av eit quilta stykke av japanske stoff.


Dekoren er eit stoffbilde, blonde og ei hekla rose.


Og så har eg fått premie også! Ei strikkebok med mønster på klutar, to maskehaldarar og eit koseleg kort frå Rigmor Volden. Rigmor har ein fin og variert blogg som heiter Hverdagssysler. Stikk innom og bli inspirert!


Tusen takk, Rigmor! No kan eg strikke klutar til premie;) Og premien min passa så godt her;)
Eg håper det endå kan bli mange fine dagar i hagen. Hausten har i alle fall hatt ein fin start her.





LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...