fredag 29. juli 2016

En lappeløper


Denne er sydd etter møsteret "En lappeløper" av AnnAKa, 
Eg har brukt heilt andre fargar.


Ingen av rutene er like.
Blomsten i hjørna er applikert på.


No er den modell på butikken "Inspirerende Hobby",
og forhåpentlegvis inspirerer den fleire til å lage sin eigen løpar i sine fargar.

tirsdag 26. juli 2016

Sminkepung


Har laga ei forenkla utgåve av mønsteret frå forrige innlegg.
Denne modellen er også på Inspirerende Hobby.


Andre stoff og meir maskinsaum gir
eit heilt anna uttrykk.


Malen er snudd andre vegen. 
Dekoren er mitt design.


Inni her kan du putte småting du vil ha kontroll på.

fredag 15. juli 2016

Til oppbevaring


AnnAKa har eit mønster som heiter "Til vesken". 
Til desse modellane har eg valgt stoff i knallfargar, 
og det gir eit heilt anna uttrykk enn dei duse på mønsteret.
Artig å sjå kor ting forandrar seg alt er etter stoffvalg.


Denne kan brukast som sminkepung, 
eller til å samle småting i veska. 


Bitar er sydd saman, det heile er quilta før brodering, kanting
og glidelåssying for hand.


Den lille mapa er sydd saman av strimler, vattert,
brodert og kanta.


Til slutt er det festa på ein lapp av stoff med tekst. 
Desse modellane er utstilt på Inspirerende Hobby i Molde. 
Alle stoffa er ogå derifrå. 

søndag 10. juli 2016

Jordbærostekake og bordpynt


Vi har så kjekke naboar, og det er triveleg å lage til treff av og til.
No hadde vi ei samling i helga, og til dessert prøvde eg å komponere mi eiga 
ostekake. Den blei bra, så då kan eg dele oppskrifta om har lyst å prøve.


Til forrett var det spekemat, melon, jordbær og druer. 
Og etterpå var det fiskesuppe og focacciabrød.
Så skal du få oppskrifta på mi jordbærostekake.


Knus 12 Bixitkjeks i ein plastpose med ei kjevle.
Smelt 100g plantemargarin. 
Bland kjeksen og 1ts kanel med smøret. 
Sett ein ring på fatet og hell kjeksrøra oppi. 
Eg brukar plastposen til å trykke utover røra med.


Del jorbær i to og sett skjæresida mot forma heile vegen rundt.


Oppå er det ein ostefromasj som du lagar slik:
2 egg og 125g melis til eggedosis.
Bland i 1 beger Philadelphiaost og 2ts vaniljesukker.
Tilsett saft og skal (det gule berre) av 1 sitron, 
men løys opp 6pl gelantin (blautlagt) i litt av safta.
Når det tjuknar blandast 1pk piska fløtekrem i.


Pynt med jordbær og gele. 
Skjær langs kanten av forma når geleen har stivna.
Lykke til!


Det er så kjekt å pynte litt av og til.

onsdag 6. juli 2016

Pose med motiv DIY


Her er endå ein posevariant du kan få framgangsmåten på.
Den er litt større og rommar meir, 
og den passar både til jente og gut.


Skjær to delar hovedstoff og to delar til for
12x13" (ca 30x33cm).
Sy eit motiv på framstykket.
Legg så for og frontar rette mot rette og sy saman i øverkant.
Brett ut og stryk.


Klipp eit hakk inn 2cm frå saumen på begge stoffa.
Hakket skal vere like stort som saumrommet.
Gjer dette på alle fire sidene.
Dette skal bli opningane for snorene.


Brett kantane mot vranga og sy.


Legg delane mot kvarandre rette mot rette. 
Sy rundt kantane på posen og på foret. 
La ei opning på ca13cm vere igjen i foret til vrenging.
Klipp bort hjørna på skrå. 
Vreng posen, dytt ut saumar og hjørne, 
og sy igjen opninga for hand.


Sy ei stikning øverst og ei under opningane.
Bruk ei sikkerhetsnål og trekk gjennom eit band frå kvar side. 
Slå ein knute på endane. 


Posen er klar til bruk.


Liten prinsessepose DIY


Det blei ein liten prinsessepose av stoffet etter barneveska i forrige innlegg. 
No skal du få framgangsmåten på den også.



Skjær motivstoffet 11,5x5,5" (19x7,5cm) 
og foret 11,5x7,5" (28x19cm). 
Foret er større for det blir kant på posen også.
Sy langsidene mot kvarandre rette mot rette.
Brett ut og stryk. (dårlig bilde)


Brett dobbelt. Sett eit merke på 1cm i foret, som skal bli opning for snor. 
Eg tok den 2cm frå saumen for at motivet ikkje skal bli så samansnurpa. 
NB! Det må også vere igjen ca 10cm i botnen for vrenging.
Sy resten av kantane saman.


Dra over saumane med neglen e.l. for at dei skal legge seg finare.
Sy gjerne ned stoffet rundt den lille opninga for hand, slik at stoffet ikkje rufsar seg av bandet.
Vreng posen gjennom den store opninga. 
Dytt ut hjørner og saumar før du syr igjen opninga for hand.


Dytt så foret inn i posen, slik at ein del stikk opp 
og dannar kant øverst.
Sy to stikningar på kvar side av opninga.


Bruk ei sikkerhetsnål og dra ei snor gjennom opninga.
Knyt saman endane.


Så er posen ferdig.


Den kan brukast til oppbevaring av skattar eller hemmelege ting,
og kanskje gøymast i veska.

mandag 4. juli 2016

Enkel barneveske DIY


På Inspirerende Hobby i Molde får dei stadig inn nye stoff no, 
og dette fargerike prinsessestoffet har inspirert meg til å sy fleire ting.
Først ut er denne barneveska. Har du lyst å sy ei slik, 
så kjem det ei lang bildeforklaring på framgangsmåten her.


Skjær hovedstoffet 48x34 cm, eller 19x13,5". (1" (inch) er ca 2,54cm). 
Desse måla er etter mønsterrapportane i stoffet eg brukte, 
men kan sjølvsagt lagast større eller mindre. Framgangsmåten blir den same.
Klipp eller skjær forstoff og vatt litt større, for det skal quiltast og kan då dra seg seg litt.
Bildet viser  etter at eg har sydd på langs og tvers for å få eit stødig for i veska.
Stryk på stoffsida.


Legg hovedstoffet oppå, og skjær slik at delane blir like store.


Legg frontstoff og for rette mot rette. Sett i nåler og sy ein saum i toppen.


Stryk ut saumen.


Brett i to og sy rundt alle tre kantane.


Men OBS! Sett igjen ei opning på ca 15cm i eine sida av foret, 
slik at veska kan vrengast seinare. 


For å lage botn i veska, kan du teikne opp eit kvadrat i alle hjørna. 
Mål frå saum eller brettekant. Her har eg brukt 7/8", for det passa med mønster i stoffet.
Det tilsvarar ca 2,2cm. (Botnen kan lagast større eller mindre.)


Klipp ut alle fire hjørna.


Brett klippekanten motsatt slik at sidesaumen no blir i midten.
Sy ein saum over alle klippekantane.


No kan du vrenge heile veska. Bruk fingrane og trykk ut saumane.
Sy igjen vrengeopninga for hand.


Dytt foret inn i veska og form kanten fint til før 
du syr ei stikning for at det skal halde seg på plass. 
Då er det enklast å tre opninga inn på friarma på maskina.


Skjær ei stoffstrimle på ca 3x29,5", eller 8x74cm til hankane. 
Du treng også ei strimle vatt på 1", eller 2,5cm til å legge inni.
Stryk inn ein liten brett på eine langsida. Brett og stryk stoffet rundt vattstrimla.
Sy ein eller to saumar over heile. 


Del i to og sy ein hanke på kvar side.


Brett inn kortendane og sy ein firkant som feste.


Veska blir stødig og fin både innvendig og utvendig.


Slik blir botnen.


Den kan brukast til lagring. 


Eller brukast til handletur eller på besøk.
Håper du blir inspirert til å sy di veske. 
Lurer du på noko, så ta gjerne kontakt på
ednyreiten(@)hotmail.com


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...