Symaskina til "Bestemor på loftet" har hedersplass i gangen. Bestemor hadde alltid tid til meg, og ho var glad i handarbeid. Å få lov til å hjelpe henne å trø på brettet når ho sydde, det var stort! Ho bestemte at denne symaskina skulle bli mi.
Engleteppet over spegelen, og dei andre broderte bileta, er gåve frå flittige Birgitte.
Når desember kjem, blir symaskina invadert av englar i alle variantar.
Og under er det ei eiga verd for ei søt, lita ei, -med stjernelys, englar og
eit gammalt strykejern frå ei tante;)
Maskina er omringa av englar. Dei to store keramikkenglane var 50 års-gåve frå ei god venninne.
Dei er så skjønne!
Og på eine sida heng ei settekasse med fingerbøller frå ulike plassar. Eg har ikkje så veldig mange, men kjøper oftast når eg er kjem på nye plassar, -og så har eg ei venninne med samme interesse som tenkjer på meg når ho er på tur;) Og søte englar passar sjølvsagt på.
Hylla har eg måla med mørk lakkbeis.
På andre sida heng bestemor si 100 år gamle salmebok med gotisk skrift. På framsida er namnet hennar i gull. Det var konfirmasjonsgåve. Eg har montert salmeboka i ei kasseramme.
No er mange av englane pakka bort for ei stund, men det er alltid nokre som passar på;)
I symaskinskuffa låg ei fin, gammal Vaselineske med undertrådspolane i.