No er det offentleg at eg skal halde to kurs og foredrag på Norsk Quilteforbund sitt Quiltetreff og 25-årsjubiléum i Sarpsborg 15.-17. mars 2013, så då kan eg vise kurspmodellane mine;) Og utgangspunktet er at eg blei stipendiatvinnar i NQF for 2012, for å prøve ut bruk av ting frå naturen saman med quilting. Dette stipendet har inspirert meg veldig, og nye idéar dukkar stadig opp. Under etiketten Naturprosjekt, er ein del av det eg har prøvd ut til no. Eg grugleder meg veldig til ilddåpen i mars;)
Kurset eg skal ha på laurdagen, er ugla i treet, som vaktar over her.
Her er eit lite utsnitt. Deltakarane får lære å sy med kvistar i tillegg til quilting og frisying i kombinasjon med ulike stoff- og garnkvalitetar.
Etter foredraget på søndag, er det denne kursmodellen, "Hjem, kjære hjem". Deltakarane får lære å bruke never og pinnar i kombinasjon med med ulike stoff- og garnkvalitetar. Det er kjekt å sette sitt eige preg på produkta, og eg likar veldig godt å lage ting som andre ikkje har. Så forhåpentlegvis kan eg inspirere andre sin kreativitet også.
Her er eit lite utsnitt av dette også.
Om nokon vil gå på begge kursa, så er modellane utforma slik at dei passar saman, sjølv om teknikkane er forskjellige. Det er mykje som skjer gjennom NQFs regi den helga, og det er veldig mange ulike kurstilbod. Her kan du sjå både program og kursoversikter.