Eg innreier formingsrommet på skulen, og vil ha eit inspirerande rom med fargar, fuglar og bokstavar som tema. Eg har fått frie tøyler, og den tilliten set eg stor pris på. Rommet har fire store vindu, og eg syr gardinkapper. Utgangspunktet er kvitt stoff med svarte fuglar. For å gi grdinene særpreg, har eg appliket på nokre fargerike fuglar.
Dei fargerike boksane i denne delen av reolen, legg føringane for dekoren.
Eg har handla på Ikea, Jysk og Nille.
Boksane skal fyllast med garn, kuler og diverse ting, og så må eg finne eit merkesystem.
For å skape meir liv i dei fargerike fuglane, har eg sydd på perler til auge og eit lite nebb.
Sangfuglen.
Birds fly high sky.
Og medan eg hengte opp gardinene,kom det to måkar og landa rett utanfor.
Det var koseleg å studere dei ei stund. Fuglar er fine.
Rommet er ikkje heilt ferdig endå, men litt dill og dall har allereie fått plass:) Barna skal no bli inspirerte. Vasen og blomstrane kjøpte eg på Fretex.
Fargane var no heilt perfekte.
To av gardinene er ferdige, og dei to neste manglar berre sjølve applikeringa. Eg passar på at alle blir ulike. No gleder eg meg til å få formingsrommet ferdig og få alt i system. Det er kjekt å få sette sitt eige preg på rommet. Det blir heilt nyoppussa, og eg har bestemt fargar, innreiing med skåp og reolar, og alt som høyrer til. Du kan få ein titt til seinare når det meste er på plass. Rommet har allereie insprert meg, så då håper eg at elevane vil trivast der også. Eg har i alle fall mange idéar til neste skuleår:)