torsdag 19. februar 2015

Sjalet Ruth


Då Birgitte utvikla mønsteret til sjalet "Ruth", var eg prøveheklar. 
Det som er spesielt med dette sjalet er fellinga i sidene, slik at det blir avlangt og ikkje trekanta. Det gjer at det blir lett å dandere og det legg seg fint. Samtidig er det veldig godt å ha på.




Sjalet er hekla i Baby Merino, og eg brukte fargar som passar til det meste.
Trur eg skal lage meg eit (eller to) einsfarga sjal også!


Og no etter at eg har brukt sjalet mange gonger, og endeleg lagar innlegg, 
så oppdagar eg at eg har gløymt å lage duskar!!
Men flott, for no har eg fått gjort det også;)
HER er link til det opprinnelege sjalet og mønsteret.

Til slutt skal du få eit gåvetips: Gi mønster og garn til ein handarbeidsglad person,
om du ikkje heller vil gi eit ferdig sjal då.
Kjekt å få begge deler.

lørdag 14. februar 2015

Fastelavn og valentinsdag


I dag er det valentinsdagen og i morgon er det fastelavnssøndag, 
så det kombinerte vi like godt i kveld.


Hjartebollar må vel gjere susen.


Så var det greit å trykke ut runde former også. 
Når ein trillar ut bollar, blir dei høgare i midten. 
Eigentleg er det like kjekt at dei er like høge over heile, i alle fall når dei skal fyllast.


Eg var spent på om dei hald forma etter heving og steiking, og det var ikkje så verst.


Så var det å leike seg med fyllet.


Krem, banan og sjokolade har blitt favoritten her i huset.


Og snillaste Bianca kom med roser og lys til bestemor og bestefar på valentinsdagen. 
Det var koseleg;)


mandag 2. februar 2015

Rådhusmessa


No kom eg på at eg har ikkje blogga om Rådhusmessa i Molde, som var 29. november. 
Endå eg hadde kongen som den høge beskyttar! Og jammen var han til god hjelp også, for sidan vi ikkje kunne henge opp på veggane, fekk eg feste litt til ramma hans.


Det var første gong eg deltok på Rådhusmessa. Mange deltakarar var spreidde utover den store salen, men eg skilte meg nok litt ut med alle naturtinga mine. Det er sjølvsagt ikkje alle som likar så røffe og spesielle ting, men uansett var det mange fine kommentarar å få. Greia mi er å lage ting som andre ikkje har. Eg hadde litt andre ting til salg også då;)


For å få plass til alt, måtte eg prøve å få ting opp i høgda også. 
Her har eg laga ei trapp av skuffer opp-ned, og ei oppslagstavle på toppen av dei igjen. 
Til slutt blei heile byggverket kamuflert av ein duk. Så kunne eg slå stiftar gjennom duken og oppslagstavla og henge opp ein del av tinga, og stable ting opp gjennom trappa. 
Synest sjølv at det var ein god idé;)


Det er ikkje lett å å lage utstilling med så mange  ulike og til dels skjøre ting.
For ikkje å snakke om pakking og frakting før og etter. Men med god hjelp kom eg i mål denne gongen også.


Rakk akkurat å kome meg bak bordet i det dørene blei opna for publikum.
Rart kva ein rekk når tida er knapp.


Eg blei eigentleg fornøgd med standen og utnytting av plassen.


Og det var kjekt å ha Birgitte ved nabobordet. Ho både strikkar, heklar, syr og designar eigne mønstre for sal. Birgitte har gitt ut mønstre i det nye året også, så eg vil anbefale eit besøk på bloggen hennar, Birgittes forglemmegei

Det er kjekt for mor og datter å ha handarbeid som hobby, Sjølv om vi har ulik stil og lagar forskjellige ting, er vi kvarandre sin kritikar og gode rådgivar og hjelpar. Og begge lagar ting av eigen design. Eg reknar med at begge kjem til å delta på messer neste haust også. 
Takk til dei som står på og arrangerer! Eg veit det er veldig mykje arbeid.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...