lørdag 26. mars 2016

Gul blomsterpute


Eg trengte ein fargeklatt i sofaen, 
og då var det perfekt å få prøvestrikke 
Birgitte sitt nye mønster Symre.


Det var eit raskt og artig prosjekt.
Med dobbelt garn og pinnar nr 8 går det unna.
Strikka, brodert og ein knapp i midten som prikken over i-en.


Bianca var på besøk og ville gjerne vere med på fotoseansen.


Fargemessig passar ho godt også.
Eg har strikka med oker Nepal og brodert korssting rundt med lys grå Baby Merino.


Ein strekk i sola er ikkje å forakte.
Vi var begge eniga i at puta var godkjent, 
og at mønsteret godt kan anbefalast.


HER er link til innlegget om mønsteret. 
Sjå kor ulike putene blir med forskjellige fargar.


tirsdag 22. mars 2016

Pose med lukning


Under Norsk Quiltetreff i Trondheim forrige helg, 
gjekk eg på eit kurs for dei som jobbar med barn. 
Annie Eikenes hadde laga materialpakke, for vi hadde så kort tid. 
Eg sydde denne posen med lukning etter at eg kom heim.


Lukninga er i enkelt stoff, 
og resten er vattert. 
Vi skulle egentleg trykke på stoffet, 
men eg fann ein sommarfugl heime som eg har applikert med stoppefoten. 
Mine trykk er prøvelappar, som eg skal vise seinare.


Botnen er sydd inn i sidesaumen.


På enden av snorene har eg sydd på ein skinnbit som avslutning. 
Før det siksa eg saman snorendane. 
Eit tips der er å starte eit stykke innpå og sy mot endane. 
Då unngår du at dei dreg seg inn i maskina.

Regndropar la seg på kameraet. 
Eg rakk ikkje ut mellom bygene.


Så ulike stoff og så spreke fargar hadde eg nok ikkje funne på sjølv,
men det er morsomt og viser at det meste går an å kombinere.

Uansett vér, og kvar du er, 
så vil eg ønskje deg som kikkar innom ei riktig god påske.

torsdag 17. mars 2016

Kurs i redesign


Ei veske og ein pung blei resultatet mitt etter eit kjekt kurs i redesign 
på butikken Inspirerende Hobby i Molde. 
Kristin Jørgenvåg, kjent frå Symesterskapet på tv, 
var ein svært dyktig kurshaldar.


Dette var ei stilig jentebukse på slutten av 90-talet. 
No har den blitt forvandla.
Bein og glidelås blei spretta opp, 
stoffbitane retta opp, og ein kile blei sydd inn for å få bitane lengre.


Slik blei veska ferdig. 
Innerlomma er ein bit av beinet, 
og hanken er laga av restane.


Det er sydd ein saum på tvers 
for å lage botn i veska.


Innerlomma er klipt høgare bak, 
og sydd fast berre i øverkanten. 
Kjekt til mobil og andre nødvendige småting. 
Det stripete stoffet som skjuler saumen, 
fekk eg av ei på kurset. 
Ho hadde kjøpt den fine skjorta på Fretex.


Så brukte eg litt meir av skjortestoffet til detaljar på pungen. 
Den er laga av siste rest av buksebeinet og
glidelåsen eg spretta av.


Her er eit glimt frå lokalet.


Og på disken stod deilige forfriskningar.


Eit kjempekjekt og inspirerande kurs. 
Eg har alltid likt redesign, og no blir det
forhåpentligvis meir fart på alt eg 
har samla av diverse klær og tilbehør.


Dette bildet er fra kurset som Inspirerende Hobby 
har lagt ut på sin facebookside.
HER er resten av de bildene.

Journalist fra Romsdals Budstikke var også innom, 
og det resulterte i tre sider i papiravisa 30.03.16 med tittelen 
"Kreative hoder på spesielt sykurs". 
HER er link til artikkelen på nett.

lørdag 5. mars 2016

Nytt sjal


Etter ei veldig lang heklepause pga langvarig senebetennelse, har eg endeleg 
fått fullført dette sjalet. Fargen gir meg vårstemning, og no 
har vinteren vore meir enn lang nok for meg.


Det er mønsteret Ruth, som du finn meir om HER
Sjalet er hekla i Baby Merino. Eg brukte krok nr 4,5 i staden for 4, 
så derfor trengte eg litt meir enn 4 nøster.


Tidlegare laga eg eit i striper. 
Det kan du sjå HER
Veldig fornøgd med begge to.


Mønsteret er så godt, for det blir avlangt, og mykje lettare og finare
å dandere enn eit trekantsjal.


Og eg har brukt det mange gongar allereie. 
Kjempedeilig. 



tirsdag 1. mars 2016

Jakke fra svunnen tid


Denne jakka blei sydd til mi lille jente for ca 25 år sidan. 
Når eg studerer den no, ser eg kor mykje arbeid eg hadde lagt ned 
med lappar i alle retningar. 


Dette var før eg hadde skjæreutstyr også.


Detaljane var viktig med både tittekantar og hempe.


Ryggen har også fått både lappar, tittekant og quilta fugl. 
Men bildet er dårleg. 
Artig å mimre litt over svunnen tid.



LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...